Klargjør siden...

Deila bekymra for Nusa: – Vi må vere forsiktige

Antonio Nusa (18) har ikkje trena på fjorten dagar og er framleis usikker framfor landslagssamlinga. Kanskje speler han for Brugge til helga.

Det kom fram då Brugge-trenar Ronny Deila møtte pressa før kampen mot Bodø/Glimt torsdag i Conferenceligaen.

– Nusa er ikkje her fordi han har ein belastningsskade i ryggsøyla. Det er det ein kan seie er byrjinga på eit trøyttleiksbrot, men det er jo ikkje det. Vi må vere forsiktige. Han er ung og har vore gjennom mykje belastning, sa Deila.

Nusa har ikkje teke del i nokon av Brugges fire siste kampar.

– Han er kanskje aktuell til helga. Vi er litt forsiktige og litt bekymra med tanke på dei landslagsgreiene som kjem no. Det vil vere krise om han kjem tilbake frå landslag og ikkje kan prestere for Brugge. Då er alt tapt for alle.

– Vi får sjå inn mot helga korleis det kjennest og ta det derfrå, la Deila til.

Brugge møter Standard Liège (Deilas gamleklubb) på bortebane i den belgiske toppserien søndag.

18-årige Nusa debuterte på landslaget med skåring og målgivande pasning mot Jordan førre månad.

– Potensialet treng vi ikkje seie så veldig mykje meir om. Han har alt ein fotballspelar treng: fart, teknikk, forståing, fantastiske haldningar og dedikasjon. Han er også lærevillig, sa Deila.

Noreg har snart viktige kampar mot Kypros og Spania i EM-kvalifiseringa.

– Det er eit spørsmålsteikn ved Nusa om kvar han er i løypa. Han trenar, men får han ingen kampar før samlinga, blir det vanskeleg, sa landslagssjef Ståle Solbakken då troppen vart teken ut tysdag.

(©NPK)

Antonio Nusa avbilda før ein landskamp for Norge. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Annonse