Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Bjørnar Neteland og Marcus Monsen delte sigeren i europacuprennet i super-G i austerrikske Reiteralm fredag.
npk@npk.no
Publisert: 15.01.2016 kl 15:05
Neteland og Monsen vart begge klokka inn til 1.17,21, ei tid som skulle vise seg å vere umogleg å slå. Dermed vart det to nordmenn på det øvste trinnet på sigerspallen etter rennet.
Italienske Emanuele Buzzi tok tredjeplassen. Han var slått med tre hundredelar av sine norske konkurrentar.
Rasmus Windingstad bidrog sterkt til den norske dominansen med sin fjerdeplass. Han var ikkje slått med meir enn ni hundredelar av dei to vinnarane. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.