Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Partilovnemnda har meldt partiet Demokratane til politiet fordi fleire hundre tusen kroner av partipengane kan vere brukt til private formål, skriv Fædrelandsvennen.
npk@npk.no
Publisert: 03.05.2016 kl 18:49
Bakgrunnen for politimeldinga er ein gjennomgang Partirevisjonsutvalget har gjort på oppdrag frå Partilovnemnda, eit uavhengig organ som kontrollerer om politiske parti følgjer reglane for partistøtte.
– I rapporten kom det fram informasjon om at partimidlane kan ha blitt brukt til private formål. Vi har derfor levert ei politimelding til politiet og bedt dei undersøkje om det er gjort underslag, seier sekretariatsleiar Tor Henriksen i Partilovnemnda til Fædrelandsvennen.
I politimeldinga, som vart sendt til politiet i Agder 19. april, skriv nemnda at det er «grunn til mistanke om at ein eller fleire personar med sentrale posisjonar i Demokratene i Noreg har nytta partimidlar til private formål i strid med straffelova § 324 om underslag og/eller brot på § 325 om grovt underslag».
Partiet Demokratane i Noreg har hovudkontor i Kristiansand. Ingen er namngitt i politimeldinga. Partiet har mellom 2010 og 2014 fått rundt 915.000 kroner i statsstøtte.
Demokratane er leidd av Kim Steinar Kjærner-Strømberg frå Oslo, som vart valt til leiar på landsmøtet i mars. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.