Annonse

Demokratar ber om nye sanksjonar mot Russland

Demokratiske senatorar tar til orde for at USA innfører nye sanksjonar mot Russland etter meldingar om at Moskva blandar seg inn i det amerikanske valet.

Det er i eit brev til finansdepartementet og utanriksdepartementet at senatorane Chuck Schumer, Sherrod Brown og Bob Menendez oppmodar til nye sanksjonar mot Russland. Schumer er Demokratanes leiar i Senatet.

Bakgrunnen for brevet er presseoppslag om at Russland ifølgje amerikansk etterretning prøver å påverke presidentvalet i USA i år, inkludert Demokratanes nominasjonsval.

I brevet ber senatorane styresmaktene snarast identifisere kven som kan haldast ansvarleg for valinnblandinga, og dermed innføre sanksjonar. Senatorane skriv at det å undergrave tilliten til demokratiske val, og dessutan å hindre gjennomføringa av dei, i praksis utgjer den mest alvorlege nasjonale tryggingstrusselen USA står overfor.

(©NPK)

Ifølgje amerikanske medium meiner amerikansk etterretning at Russland prøver å påverke valet i år for å hjelpe Trump å bli attvald. Schumer (bildet) er Demokratanes leiar i Senatet. Foto: J. Scott Applewhite/AP/NTB scanpix