Annonse

Den borgarlege alliansen kan ryka i Sverige

Moderaterna ber alliansepartiene avgjera om dei vil bli med i ei ny svensk regjering. Viss dei ikkje vil, kan høgrepartiet koma til å danna regjering åleine.

Leiar for Moderaterna, Ulf Kristersson, ber dei andre borgarlege partia akseptera ei regjering utan støtte frå Socialdemokraterna. I ei Facebook-melding fredag skriv han at partia i den borgarlege alliansen får ta nokre dagar i fred og ro og ta stilling til om dei vil vera med på å danna regjering.

Utspelet blir tolka som eit ultimatum til dei to borgarlege partia Centerpartiet og Liberalerna, som begge ønskjer ei regjering med støtte frå Socialdemokraterna og kanskje Miljöpartiet.

Men det har «sossarna», som blei største partiet i valet i september, så langt avvist.

Med SD-støtte?

Alternativet er å danna ei borgarleg regjering med anten aktiv eller passiv støtte frå det sterkt innvandringskritiske partiet Sverigedemokraterna (SD), noko spesielt Centerpartiet har vore sterkt imot.

Det fjerde borgarlege partiet, Kristdemokraterna, har på si side stilt seg ope for eit slikt samarbeid.

Utspelet til Kristersson blir likevel ikkje teke godt imot av leiaren i SD Jimmie Åkesson, som avviser at partiet vil støtta ei regjering sett saman av Moderaterna og Kristdemokraterna viss partiet ikkje får nokon påverknad.

Den borgarlege alliansen er eit firepartisamarbeid som lenge har utgjort regjeringsalternativet på høgresida i svensk politikk. Svenske kommentatorar meiner at utspelet til Kristersson no kan føra til at det borgarlege samarbeidet ryk.

- Lööf seier nei

Kommentator Ewa Stenberg i Dagens Nyheter stiller seg tvilande til at leiar i Centerpartiet, Annie Lööf, blir med i ei regjering med SD som støtteparti i Riksdagen. Ho gjekk i valkampen hardt ut mot verdigrunnlaget til det høgreorienterte partiet.

Valet i Sverige enda med at ingen av blokkene fekk parlamentarisk fleirtal, samtidig som ingen av dei har vilja samarbeida med det tredje største partiet i landet, SD.

Det har gjort jobben med å finna eit regjeringsalternativ svært vanskeleg.

Socialdemokraterna, Miljöpartiet og støttepartiet Vänsterpartiet enda opp med større oppslutnad enn den borgarlege blokka, men viss SD også blir rekna med, er den klart størst.

(©NPK)

Leiar for Moderaterna, Ulf Kristersson, ser ut til å vilja danna regjering sjølv om det betyr at partiet må lena seg på Sverigedemokraterna i riksdagen. Foto: Anders Wiklund / TT / NTB scanpix