Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Den greske musikaren Vangelis, mest kjent for å ha skrive musikken til filmar som «Blade Runner» og «Chariots of Fire», er død, 79 år gammal.
uvakt@ntb.no/kjell.asmund.sunde@npk.no
Publisert: 19.05.2022 kl 20:14
Den sjølvlærte Vangelis var i utgangspunktet først og fremst oppteken av elektronisk musikk, men eksperimenterte med all slags musikk og lét seg inspirere av eit breitt utval tema, frå romforsking og futuristisk arkitektur til studentopprøret i Paris i 1968.
Han komponerte musikken til ei lang rekkje andre filmar, og er den einaste grekaren som har vunne ein Oscar. Den fekk han i 1982 for musikken til «Chariots of Fire» – «Ildvognene» på norsk.
Vangelis, som er kunstnarnamnet hans, vart fødd Evangelios Odysseas Papathanassiou i den greske kystbyen Agria og var eit musikalsk vedunderbarn som heldt den første pianokonserten sin seks år gammal, trass i aldri å ha fått pianoundervisning.
Han studerte først målarkunst i Aten, men var samtidig med i den populære rockegruppa Fornmix. Etter militærkuppet i 1967 drog han i eksil og vart involvert i studentopprøret i Paris.
I eksil vart han med i den progressive popgruppa Aphrodite's Child, som fekk kultstatus og selde millionar av plater. Han starta eit musikkstudio i London, men sette meir pris på eige sjølvstende til å skape framfor platesal.
I eit intervju med Los Angeles Times i 2019 sa han at han såg parallellar mellom den dystopiske verda som vart framstilt i «Blade Runner» og framtida til kloden.
– Inga vakker framtid, sjølvsagt, men det er dit vi er på veg, sa han.
(©NPK)
Musikaren og komponisten Vangelis, her på ein pressekonferanse i Aten i 2001, er død. Foto: Aris Messinis / AP / NTB