Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Den norske regjeringa er i ferd med å sluttføre ein returavtale med Somalia, etter det NRK erfarer. Avtalen vil opne for tvangsutsending av om lag 500 somaliarar.
npk@npk.no
Publisert: 27.05.2016 kl 16:32
Fredag har det vore fleire politiske møter med ein delegasjon med ministrar frå Somalia. Dei har blant anna diskutert migrasjon og retur med den norske regjeringa, opplyser departementet i ein e-post til NRK.
Utanriksminister Børge Brende (H) møtte den somaliske utanriksministeren Abdusalam Omer under det nordisk-afrikanske utanriksmøtet fredag.
Leiar i Somalisk nettverk Bashe Musse, som òg er bystyrerepresentant i Arbeidarpartiet i Oslo kommune, seier til kanalen at han er sjokkert.
– Særleg i den sørlege delen av Somalia er det ikkje trygt. Vi veit at i nokre fylke er 60– 70 prosent kontrollert av terrorgruppa Al Shabaab. Difor snakkar vi om at tryggleiken for den enkelte blir avgjort når ein skal returnere til Somalia, meiner Musse.
I 2015 søkte 561 personar frå Somalia om asyl i Noreg, ifølgje UDI. Hittil i år har det komme 78 asylsøkjarar frå landet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.