Annonse

Den svenske skøyteløparen og OL-helten Jonny Nilsson er død

Den svenske skøyteløparen Jonny Nilsson er død. Gullvinnaren frå 10.000 meter i OL i Innsbruck i 1964 vart 79 år gammal.

Det melder det svenske nyheitsbyrået TT, som fekk dødsfallet stadfesta av familien til Nilsson onsdag.

– Han sovna inn i natt, stille og roleg, seier kona Marianne Nilsson til TT.

Nilsson er kjend som ein av dei aller beste langdistanseløparane i skøytehistoria.

Svensken vann VM på skøyter i Karuizawa i 1963 både på 5000 meter og 10.000 meter og samanlagt. På dei to lengste distansane til skøytesporten sette han samtidig verdsrekord.

To år seinare vann han gull på både 5000 meter og 10.000 meter under VM i Oslo. På 5000 meter forbetra han sin eigen verdsrekord.

I 2017 vart han ramma av prostatakreft.

(©NPK)

Den svenske skøytehelten Jonny Nilsson er død. Her frå VM i Oslo der han forbetra sin eigen verdsrekord på 5000 meter. Foto: Ivar Aaserud / NTB

Annonse