Klargjør siden...

Departementet skal gjennomgå tvangssaker i barnevernet

(NPK-NTB): Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) ber Statens helsetilsyn om å granske minst 100 tvangssaker i barnevernet for å vurdere kvaliteten på arbeidet.

– Barnevernet gjer mykje godt arbeid, men vi tar kritikken som har komme på alvor, seier Horne til Aftenposten.

Ein gjennomgang av eit utval barnevernssaker som har ført til akuttiltak eller omsorgsovertaking, skal gi grunnlag for å vurdere kvaliteten av arbeidet. Horne håpar gjennomgangen vil styrke tilliten til barnevernet.

Gro Hillestad Thune, advokat og ekspert på menneskerettar, seier til avisa at gjennomgangen er for tidkrevjande og at Statens helsetilsyn ikkje er upartisk. Thune meiner det hadde vore nok å granske eit titals saker for å finne ut kvar systemet sviktar.

Gjennomgangen startar til hausten og vil ta to år. (©NPK)

Annonse