Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Heile Frankrike spør seg kva for ein formasjon Didier Deschamps vel i EM-semifinalen mot Tyskland. Han har bestemt seg, men røper det ikkje.
npk@npk.no
Publisert: 06.07.2016 kl 15:48
– Eg har tenkt ferdig, men svaret er i mitt hovud, og ingen slepp inn dit før i morgon, sa han på pressekonferansen onsdag.
Ein annan journalist prøvde å lure ut svaret med eit spørsmål om 4-2-3-1-formasjonen som fungerte så godt mot Island kan bli brukt mot eit så sterkt lag som Tyskland.
– Alt er mogleg, sa Deschamps og avslutta den kvarter lange seansen.
Deschamps tok gong på gong opp att at Tyskland har ikkje berre har vore det beste laget i turneringa, men også forsvart sin status som det beste laget i verda. Han kom også stadig tilbake til kor viktig støtta frå tilskodarane vil vere om Frankrike skal lukkast.
– Vi treng støtte, for vi vil møte problem i kampen, og publikum er viktig. Vi får støtte over heile landet, men folk er litt meir opne og uttrykksfulle her i Marseille, sa Deschamps, som tidlegare var klubbtrenar i byen.
– Vi kan ikkje endre historia, men det er nye historier som skal bli skrivne. Denne sida er så langt blank, og spelarane må fylle den. Dei trur på seg sjølv. Tyskland er framleis det beste laget i verda, men vi skal gi alt vi har, og med publikums støtte kan vi greie det, sa han.
Ni spelarar er meir eller mindre sjølvskrivne hjå Les Bleus. Den siste stopparplassen står mellom Samuel Umtiti og Adil Rami, medan det mest interessante valet blir mellom Moussa Sissoko og Ngolo Kanté.
Ved å velje Kanté går Deschamps tilbake til 4-3-3-formasjon, medan Sissoko betyr at han held på 4-2-3-1. Spaltemeter er brukt i franske aviser dei siste dagane til å diskutere fordelar og ulemper ved dei to formasjonane mot eit lag som Tyskland.
– Vi slapp inn to mål i 2. omgang mot Island då spelarane slo av litt fordi dei innsåg at dei skulle spele semifinale fire dagar seinare. Det er forståeleg, men elles har vi som tyskarane berre sleppt inn mål på straffespark.
Deschamps var ikkje interessert i å sette semifinalen opp mot den største meritten sin som klubbtrenar, då han førte Monaco til meisterligafinale i 2004.
– Eg kastar ikkje bort tid på slikt. Eg har ikkje eit personleg perspektiv på dette, og det er kanskje min styrke. Eg er privilegert som får vere med på dette. Eg lever gjennom spelarane og håpar at dei når så langt som mogleg, sa han. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.