Designaren Issey Miyake er død

Den japanske motedesignaren Issey Miyake er død, 84 år gammal. Karrieren hans i bransjen varte i over eit halvt hundreår.

Miyake døydde 5. august av leverkreft, opplyser designkontoret hans tysdag.

Miyake var blant ei rekkje unge japanske designarar som markerte seg i Paris frå midten av 1970-talet. Han blir beskriven som ein pioner innanfor høgteknologiske, behagelege klesplagg.

Karrieren skaut kraftig fart på 1980-talet, då han var i gang med å eksperimentere med materiale som plast, metalltråd og japansk handverkspapir.

Miyake er mellom anna kjent for å ha laga over 100 svarte høghalsa genserar til Apple-grunnleggjar Steve Jobs.

Miyake vart fødd i Hiroshima i 1938. Sju år seinare overlevde han USAs atombombeangrep som kravde om lag 140.000 menneskeliv i heimbyen.

(©NPK)

Issey Miyake ville helst ikkje bli kalla motedesignar, for han identifiserte seg ikkje med det han meinte var eit overflatisk, trendstyrt og påfallande forbruk, skriv nyheitsbyrået AP. Foto: Kyodo News via AP / NTB

Annonse