Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Uttaket til verdscupopninga i hopp for menn vart som venta. Halvor Egner Granerud frontar ein tropp på seks mann.
Publisert: 20.11.2023 kl 15:28
Han utgjer det norske laget saman med Johann Forfang, Daniel-André Tande, Marius Lindvik, Kristoffer Sundal og Fredrik Villumstad.
Namna vart lesne opp av landslagstrenar Alexander Stöckl i ein Instagram-video måndag. Bendik Jakobsen Heggli er den einaste blant dei mannlege landslagsutøvarane som ikkje er med til Finland.
Det første verdscuprennet i sesongen går i storbakken laurdag, og ein ny konkurranse ventar dagen etter. Det er kvalifisering til opningsrennet fredag kveld.
(©NPK)
Halvor Egner Granerud startar ein ny verdscupsesong til helga. Foto: Geir Olsen / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.