Klargjør siden...

Det engelske seriesystemet kan få nytt nivå

(NPK-NTB): The Football League ønskjer å kutte seriane under Premier League til 20 lag og innføre eit nytt nivå kalla League Three.

Forslaget kan tre i kraft frå og med 2019/20-sesongen og blir sendt til klubbane før det årlege møtet i juni. I dag består den engelske meisterskapsserien League One og League Two av 24 lag kvar.

Utfordringar rundt terminlista i England er bakgrunnen for forslaget, som også inneber endringar i ligacupen og League Trophy. Målet er å unngå at kampar kolliderer og å redusere talet på midtvekekampar.

Reduserte reisekostnader, at kvar kamp blir viktigare og auka restitusjonstid er blant argumenta som er lista opp.

Opp- og nedrykk til Premier League vil ikkje bli påverka av ei eventuell endring. (©NPK)

Annonse