Klargjør siden...

Det europeiske turnforbundet slepper ikkje inn russarar og belarusarar

Det europeiske turnforbundet vil ikkje følgje dømet til det internasjonale forbundet og sleppe til russiske og belarusiske turnarar frå årsskiftet.

Det vart avgjort på generalforsamlinga i Sofia fredag. Avgjerda kastar tvil om turnstjernene frå Russland og Belarus kan kvalifisere seg til Paris-OL.

Det internasjonale turnforbundet (FIG) har følgt føringane frå IOC og lèt turnarar frå Russland og Belarus konkurrere frå 1. januar, som «nøytrale utøvarar» og utan bruk av nasjonssymbol.

I Sofia vende delegatane tommelen ned for den ordninga.

– Generalforsamlinga stemde mot forslaget om å la utøvarar og leiarar frå Russland og Belarus få ta del i europeiske turnkonkurransar frå 2024. Det betyr at vi ikkje følgjer FIG-avgjerda, heiter det i ei fråsegn frå forbundet.

FIG seier i ei fråsegn til nyheitsbyrået AP at avgjerda blir teken til etterretning.

– Sjølv om dette kan påverke OL-kvalifisering som skjer gjennom kontinentale meisterskapar, kan vi ikkje gi fleire detaljar før dei involverte er konsulterte, står det.

Russland og Belarus har allereie mista fleire kvalifiseringsstemne på grunn av sanksjonane for krigføringa i Ukraina. EM neste år var venta å bli vegen i dei sterke turnnasjonane til å få med utøvarar i Paris-OL.

(©NPK)

Vegen til OL-deltaking vart vanskelegare for russiske og belarusiske turnarar då Det europeiske turnforbundet fredag sa nei til å la dei konkurrere som nøytrale utøvarar. Foto: Aurelien Morissard, AP / NTB

Annonse