Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Det kan bli renovasjonsstreik frå søndag morgon dersom ikkje partane i konflikten blir samde i meklinga innan natt til søndag.
npk@npk.no
Publisert: 23.08.2016 kl 10:58
Det er medlemmer i Sarpsborg, Bergen, Stord, Godvik, Stavanger og Stokke som først blir tatt ut i streik.
«Ein streik vil påverke innhenting og levering av hushaldningsavfall i enkelte delar av landet. Streiken vil også påverke henting og levering av avfall frå bygg og anleggsnæringa», melder Norsk Transportarbeiderforbund.
Transportarbeiderforbundet har varsla at dei vil ta ut 50 medlemmer i streik om partane ikkje blir samde i meklinga som startar fredag. Fristen for å bli samde er sett til klokka 24 laurdag.
– Norsk Transportarbeiderforbund er innstilt på å finne ei løysing, men vi er også innstilt på streik om meklinga ikkje gir eit resultat som bransjerådet for Miljø kan akseptere, seier forhandlingsleiar Ole Einar Adamsrød i Transportarbeiderforbundet.
I dei ordinære forhandlingane mellom Transportarbeiderforbundet og NHO Transport var auke av minstelønna eit sentralt punkt som førte til at forhandlingane braut saman tidlegare i sommar.
– Minstelønna er eit viktig verktøy for å unngå sosial dumping i bransjen og for å styrke det generelle lønnsnivået til dei tilsette, seier Adamsrød. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.