Annonse

Det norske G19-landslaget vidare i EM-kvalifiseringa

Rosenborgs Erik Botheim scora det einaste målet i EM-kvalifiseringa mot Albania. Det gjorde at G19-landslaget avanserte til eliterunden i mars neste år.

Avansementet kom takka vera Ukrainas 4-1-siger over Slovakia. Noreg tapte 1-2 for slovakane, men vann med same siffer over Ukraina. Dermed gjekk ukrainarane og nordmennene vidare frå puljen.

Det var etter ein dryg halvtimes spel at Botheim fann nettet Det er det norske G18-landslaget som spelar, men det er om ein plass til Uefas G19-EM neste sommar det blir spelt om.

Halldor Stenevik gjorde eit nydeleg forarbeid med raidet sitt på høgresida før han skrudde ballen bak forsvaret. Han hamna hos Botheim, som breisida ballen i mål på bakre stolpe

- Eit heilt fantastisk mål, sa landslagstrenar Pål Arne «Paco» Johansen til fotball.no.

- Dette kullet har vore i eit meisterskap før, og eg trur dei har ein god sjanse til å spela seg til eit nytt meisterskap, sa han vidare om eliterunden som skal blir spelt i mars neste år.

- Det var ingen lett kamp. Vi spelte på ein litt utfordrande bane. Albania hadde lagt om formasjonen og kom med fem bak. Det var krevjande å bryta gjennom, men heldigvis møtte vi Sverige som spelte i same formasjonen for ein månad sidan, så vi visste kva det handla om, sa «Paco».

(©NPK)

Rosenborgs Erik Botheim blei matchvinnar då Noreg slo Albania 1-0 i EM-kvalifiseringa for G19-lag tysdag. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix