Det norske hopplaget vann blanda lagkonkurransen i Willingen – 2. omgang avlyst

Det norske laget vann den blanda lagkonkurransen i verdscupen i hopp fredag. Austerrike og Tyskland tok 2.- og 3.-plassen, og 2.-omgangen vart avlyst.

Det norske laget stilte med ein sterk kvartett beståande av Anna Odine Strøm, Marius Lindvik, Silje Opseth og Halvor Egner Granerud, som til saman sørgde for siger med 450,6 poeng. Det skilde 35,5 poeng ned til Austerrike på 2.-plass. 5,3 poeng der igjen kom Tyskland.

Noreg tok ein suveren siger, sjølv om rennet fredag berre bestod av éin omgang. Vindforholda var for dårlege til at det kunne gjennomførast ein andreomgang.

Anna Odine Strøm stilte først for Noreg og hoppa 135 meter. Ho gav nordmennene eit godt utgangspunkt og sørgde for 107.9 poeng men måtte dele førsteposisjonen med det japanske laget. Yuki Ito hoppa 154,5 meter, men sleit i landinga.

Etter hoppa frå herrane i pulje to vart det inga deling av 1.-plassen. Marius Lindvik hoppa lengst av utøvarane og sveva ned til 145 meter og ei samanlagt leiinga på 223.7 poeng.

Silje Opseth var tredje nordmann ut og hoppa 130 meter. Med 92,7 poeng kunne ho dytte nordmennene opp til førsteplassen med ein samanlagd poengsum på 316,4, og Noreg hadde dermed 14,7 poeng ned til 2.-plasserte Tyskland.

Halvor Egner Granerud drog seg til 145 meter og la på den samla poengsummen med 134.2 poeng.

Det lengste hoppet for dagen kom då slovenaren Timi Zajc hoppa 161,5 meter. Dessverre for slovenaren sleit han med å sikre seg i avslutninga. Han fekk ei hard landing som såg ut til å gå ut over kneet.

(©NPK)

Halvor Egner Granerud sikra Noreg inn til siger i den blanda lagkonkurransen i tyske Willingen fredag. Foto: Florian Schroetter / AP / NTB.