Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Mange flyktningar og innvandrarar får ikkje godkjent utdanninga si frå heimlandet når dei kjem hit. No er det håp om ein standard på tvers av landegrenser.
Signe.Rosenlund.Hauglid@ntb.no
Publisert: 06.11.2015 kl 18:30
Unesco vedtok fredag å utvikle ein global konvensjon for godkjenning av kvalifikasjonar i høgare utdanning på tvers av landegrenser. Det var Noreg som tok initiativet til arbeidet med den globale konvensjonen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
Han meiner den blir viktig for å handtere den store flyktningstraumen i Europa.
– Konvensjonen vil sikre studentar ei rettferdig vurdering uansett kvar dei kjem frå. Skal vi klare å integrere dei som får opphald, er det heilt sentralt at dei får godkjent kvalifikasjonane sine for komme raskare ut i jobb, seier kunnskapsministeren i ei pressemelding.
Dei store kvalitetsforskjellane både i vurdering og godkjenning av utdanning og mellom utdanningar i ulike land, gjer det vanskelegare for Noreg å godkjenne kompetanse frå utlandet. Noreg er avhengige av dokumentasjon frå heimlandet til studentane.
– Ein global konvensjon kan også bidra til å løfte kvaliteten på høgare utdanning i mange delar av verda fordi vi må setje visse standardar for kvalitetssikring på nasjonalt nivå, seier Røe Isaksen. (©NPK)