Det verste snøvêret i Mexico på 50 år

(NPK-NTB-AFP): Delstaten Chihuahua i Mexico har dei siste dagane opplevd det største snøfallet på over 50 år, med 30 centimeter snø og nesten 20 kuldegrader. Ti menneske er døde.

Snøvêret begynte i helga. Opptil 30 centimeter snø og temperaturar ned til 18 kuldegrader vart registrerte i delstaten, som grensar til dei amerikanske delstatane New Mexico og Texas.

– Dette er det største snøfallet vi har hatt dei siste 55 åra, seier leiar i redningstenesta Efren Matamoros i Ciudad Juárez.

Mange vegar var i stengde i helga, men fleire av dei vart opna att måndag. Flyplassen i storbyen Ciudad Juárez vart også stengt som følgje av snøvêret.

Ifølgje avisa Excelsior har ti menneske i Chihuahua mista livet som følgje av kulde.

Det er venta framleis kaldt vêr i det nordlege Mexico dei neste dagane. Styresmaktene fryktar at kulda og snøvêret kan føre til skadar på jordbruket.

På den andre sida av grensa har guvernør Susana Martinez i New Mexico erklært unntakstilstand fordi det er venta opptil 60 centimeter snø. USAs nasjonale meteorologiske institutt har varsla kraftig snøvêr også i Texas og Oklahoma, og flaum frå Texas og nordover til Indiana. (©NPK)