Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Ein app som gjer at legar på landsbygda kan søke råd hos ekspertar som oppheld seg langt unna, er tildelt Afrikas første pris for helseteknologi.
npk@npk.no
Publisert: 25.05.2016 kl 07:53
Prisen på 15.000 euro – rundt 140.000 kroner – går til teknologiske løysingar som kan betre helsa på kontinentet. Hovudsponsor er den franske internasjonale radiostasjonen RFI, som opplyser at prisen er tildelt Cheick Oumar Bagayoko, «ein ung lege og IT-ingeniør frå Mali».
Bagayokos app Bogou vann i konkurranse med 650 andre kandidatar frå dei franskspråklege landa i Afrika. Prisen blir også støtta av IT-gigantar som Microsoft, Facebook og Orange. Appen blir omtalt som «eit verktøy for fjernekspertise, som blir tilgjengeleg via ei nettilkopla datamaskin».
– Bogou gjer at legar i avsidesliggjande strøk kan spørje ekspertar langt unna om råd, heiter det i ei fråsegn frå RFI. Legar kan legge inn detaljar om kva som feilar pasienten, og desse opplysningane kan lesast av ekspertar som er logga på via ei sikker tilkopling. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.