Klargjør siden...
Annonse

Diamond League: Kipsang sigra på 1500 meter utan Ingebrigtsen på start

Abel Kipsang var best i Kenya-duellen med Timothy Cheruiyot på 1500 meter i Diamond League-premieren. Han klokka inn til 3.35,70 i Doha.

Det var eit stykke unna Kipsangs årsbeste i verda (3.31,01), men løpet vart gjort under krevjande vindforhold i Qatars hovudstad.

Cheruiyot var ikkje på sitt beste og gav opp spurten før målstreken. Han vart slått med 46 hundredelar. Teddese Lemi frå Etiopia vart trear på tida 3.37,06.

Jakob Ingebrigtsen er olympisk meister på 1500 meter og ville vore blant favorittane om han hadde møtt opp i DL-opninga fredag. Rogalendingen starta nyleg utandørssesongen med siger på 5000-meteren i eit stemne i California.

(©NPK)