Didrik Tønseth står over 15-kilometeren

(NPK-NTB): I likskap med Petter Northug, vel også Didrik Tønseth å stå over 15-kilometeren i ski-NM.

Det stadfestar han overfor TV 2 Sporten. Tønseth har slite med sjukdom etter Tour de Ski.

NM startar torsdag med 10 kilometer klassisk for kvinner. Klokka 12.00 skal herrane i aksjon på sin 15-kilometer. (©NPK)