Disney må gi slepp på 95 år gamle Mikke Mus

Nesten hundre år etter at han debuterte på kinolerretet, kjem Mikke Mus til å dukke opp både her og der framover. Truleg i retten òg.

Mikke Mus såg først dagens lys i den svart-kviten teiknefilmen «Steamboat Willie» i 1928. Det vart byrjinga på eit eventyr for den vesle karen, som etter kvart skulle bli eit ikon, ikkje berre innan amerikansk popkultur, men verda over.

I samsvar med amerikansk lov går ut opphavsretten til Disney-konsernet til «Steamboat Willie» 1. januar, og den folkekjære musa vil dermed truleg dukke opp både i reklame og mange andre samanhengar i tida som kjem.

Mykje tyder også på at Mikke vil hamne i retten der Disney vil gjere alt for å halde på han.

Opphavsrett

Opphavsrettar går ut etter 95 år i USA, noko både advokatane til Disney-konsernet og mange andre lenge har prøvd å få politikarane til å forlengje.

– Dette er eit svært symbolsk og lenge etterlengta augneblink, seier Jennifer Jenkins. Ho leier Duke Center for the Study of the Public Domain.

Alle kan frå og med 1. januar kopiere, dele, nytte seg av og lag nye versjonar av filmen «Steamboat Willie» og Mikke og Minni Muş-figurane i han. Det same gjeld Disney-filmen «Plane Crazy» frå 1928, der dei to også er med.

Figurane har rett nok endra seg opp gjennom åra, og nyttar ein meir moderne versjonar av Mikke og Minni risikerer ein å få besøk av Disney sine advokatar.

Nye versjonar

I samsvar med amerikansk lov kan filmskaparar likevel fritt lage nye versjonar når opphavsrettar går ut. Dampbåten Mikke styrer på grunn i «Steamboat Willie» kan dermed til dømes nyttast for å illustrere kva fare dei menneskeskapte klimaendringane utgjer.

Ein kan også sjå for seg ein feministisk versjon av filmen der Minni overtek roret frå Mikke, seier Jenkins.

Slike tidsriktige nyversjonar har dukka opp med karakterar som Sherlock Holmes og Ole Brumm, der også opphavsrettane har gått ut.

Disney-konsernet har likevel ikkje tenkt å gi seg utan kamp når det gjeld Mikke og Minni.

– Vi kjem framleis til å verne rettane våre til moderne versjonar av Mikke Mus og andre arbeider som er omfatta av opphavsrett, heiter det i ei fråsegn frå Disneys advokatar.

Neppe gjenkjenneleg

Mikke Muş-versjonen i «Steamboat Willie» vil neppe vere særleg gjenkjenneleg for yngre generasjonar ettersom han i filmen verkar langt meir spinkel og skøytelaus enn i dagens versjon.

– Det er eit skremmande og lite svart-kvitt dyr, seier professor Justin Hughes ved Loyola Law School.

– Den Mikke Mus som er mest kjend for noverande generasjonar, vil halde fram med å vere under opphavsrettsleg vern, seier han.

– Eg blir heller ikkje overraska om vi får sjå nokre juridiske samanstøytar, eller om vi blir vitne til at Disney driv litt folkeopplysning på dette punktet, seier Hughes.

Åtvarar

Artistar og produsentar som prøver å sko seg på lett gjenkjennelege element frå Mikkes verd, som raude shorts og kvite hanskar, vil truleg raskt få rettsleg pålegg om å stanse, spår han.

Sjølv om opphavsretten har gått ut, er det også framleis Disney som har rettane til varemerket. Ingen kan derfor produsere arbeid som kan få folk til å tru at det er Disney som står bak. Og i USA kan rettane til varemerke forlengjast i det uendelege.

Disney-konsernet understrekar at dei vil passe nøye på i tida framover.

– Vi vil sikre at forbrukarane ikkje blir forvirra som følgje av uautorisert bruk av Mikke og våre andre ikoniske karakterar, åtvarar dei.

Disney har mellom anna sørgt for at kvar einaste film frå Walt Disney Animation Studios opnar med eit klipp frå «Steamboat Willie».

Varemerke

– Disney-folka er svært smarte, dei innsåg at det beste dei kunne gjere var å etablere den ikoniske sekvensen frå «Steamboat Willie» som varemerke, seier Hughes.

Alle som gjer bruk av det klassiske biletet av Mikke ved roret på dampbåten, det vere seg på T-skjorter, kapsar eller koppar, risikerer derfor rettsleg forfølging, seier han.

Andre ekspertar, blant dei Jenkins, trur likevel at det vil bli svært vanskeleg for Disney å sikre fullstendig eigarskap til Mikke-figuren frå 1928.

– Høgsterett har gjort det klart at ein ikkje kan bruke varemerkerettar for å omgå det faktumet at opphavsretten går ut, seier ho.

At Disney-konsernet likevel kjem til å prøve dette, er verken ho eller Hughes i tvil om.

– Alle som håpar å kunne håve inn på Disneys elska maskot, bør nok først rådføre seg med advokat og trø varsamt, seier Hughes.

(©NPK)

Mikke Mus er ein ikonisk figur i amerikansk popkultur, og blir kjend att verda over. Denne skodespelaren helsar gjester velkommen til Magic Kingdom Park i Walt Disney World Resort i Florida. Foto: AP / NTB

Lite visste truleg Walt Disney kor verdskjent den litle musa han teikna til filmen «Steamboat Willie» i 1928 skulle bli. Dette bildet er frå 1941. Foto: AP / NTB

Disney-konsernet har til no hatt alle rettar til Mikke Mus-figuren, men 1. januar utløpar opphavsretten til filmen «Steamboat Willie» frå 1928 der den litle musa dukka opp for første gong. Foto: AP / NTB

Annonse