Klargjør siden...

Djokovic til semifinalen i Roma

(NPK-NTB-AP): Novak Djokovic sikra den gode statistikken sin mot Rafael Nadal og vann kvartfinalen i Italian Open fredag.

Serbaren vann 7– 5, 7– 6 (4) i Roma og går dermed vidare til semifinalen. Det var det 49. møtet mellom dei to tennisstjernene. Djokovic har vunne dei siste sju kampane. Totalt leier han 26– 23.

Kvartfinalen mellom dei to vart sett som ein tidleg finale i Italian Open, ettersom éin av dei to har vunne dei siste elleve turneringane. Djokovic står med sju, mens Nadal har fire sigrar. Kampen varte i 2 timar og 24 minutt.

I semifinalen møter tjueåtteåringen enten Kei Nishikori eller Dominic Thiem.

Andy Murray er òg vidare etter at han slo David Goffin, mens Roger Federer er slått ut.

– Eg får lønn for det harde arbeidet eg har lagt ned gjennom åra på dette underlaget. Eg fortener det fordi eg har arbeidd hardt for det, seier Murray, som møter franskmannen Lucas Pouille i semifinalen.

I semifinalane på kvinnesida møtest Garbiñe Muguruza og Madison Keys, mens Irina-Camelia Begu møter enten Serena Williams eller Svetlana Kuznetsova. (©NPK)

Annonse