Djokovic utmanøvrerte Rublev i ATP-sluttspelet

Novak Djokovic tok seg vidare til semifinalen i ATP-sluttspelet med å feie Andrej Rubljov av banen i to strake sett.

Den sjuandeseeda serbaren vann med settsiffera 6-4, 6-1.

I opningssettet var det veldig jamt, men Djokovic klarte å bryte på stillinga 5-4 og drog i land første stikk. Rublev vart rasande på seg sjølv etter feilen som sende han ut i trøbbel. Russaren smadra racketen i golvet i frustrasjon.

I det andre settet hadde han nærast gitt opp kampen og vart utmanøvrert.

– Eg spelte veldig bra. Ein av mine beste kampar denne sesongen. Han (Rublev) er ein bra spelar med mange gode kvalitetar, sa Djokovic i sigersintervjuet.

Den andre kampen i gruppa mellom toppseeda Stefanos Tsitsipas og russaren Daniil Medvedev går seinare onsdag.

Tysdag tok Casper Ruud seg vidare frå den andre gruppa. I fjor tapte Ruud semifinalen for Medvedev.

(©NPK)

Novak Djokovic er klar for semifinalen i ATP-sluttspelet i Torino etter å ha slått Andrej Rubljov i strake sett. Foto: Antonio Calanni / AP / NTB

Annonse