Klargjør siden...

Djokovic verdseinar igjen – det høgaste rankinghoppet til toppen i historia

Novak Djokovic er tilbake øvst på verdsrankinga i tennis etter sin tiande siger i Australian Open. Casper Ruud fell éin plass og er nummer fire.

35 år gamle Djokovic tek over plassen til Carlos Alcaraz som går ned til 2.-plass. Greske Stefanos Tsitsipas, som tapte finalen i Australian Open mot Djokovic søndag, er på 3.-plass framfor Casper Ruud, som rauk ut i andre runde i Melbourne.

Djokovic hoppar fire plassar til toppen. Så mange plassar har aldri ein herrespelar avansert til nummer éin sidan den offisielle rankinga starta i 1973. Serbaren har allereie rekorden med flest veker på toppen av verdsrankinga av mannlege spelarar med 373.

Danske Holger Rune har komme seg opp éin plass og er niandemann på lista. Det er det høgaste 19-åringen har vore på rankinga.

Djokovic tangerte Rafael Nadal søndag då han tok sin 22. Grand Slam-tittel. Det er flest i historia på herresida. Roger Federer vart den første til å nå 20 titlar då han vann Australian Open i 2018. Han klarte ikkje å notere fleire titlar før han gav seg i fjor.

– Utruleg innsats igjen. Gratulerer! skreiv Federer på Instagram-kontoen sin.

(©NPK)

Novak Djokovic er tilbake på toppen av verdensrankinga i tennis. Foto: Mark Baker / AP / NTB

Annonse