DN: Finnes jobbar med Sveits-oversikt
Sindre Finnes jobbar med å lage ei oversikt over aksjane han har eigd i utlandet via ein forvaltar i Sveits.
– Eg skal prøve å svare på spørsmåla så fort som mogleg. Eg tenkjer også å lage ei forklaring om dette sidan det er etterspurt frå fleire medium, seier Finnes til Dagens Næringsliv.
Avisa har tidlegare omtalt at Finnes eigde utanlandske aksjar, mellom anna via ein forvaltar i Sveits. Desse aksjane var ikkje med i oversikta som Høgre-leiar Erna Solberg (H) la fram fredag av Finnes' aksjehandel.
– Det er fordi aksjane verken vart kjøpte eller selde i tidsrommet Erna Solberg var statsminister, «som er tidsperioden han har lagt fram en oversikt over aksjehandler for», svarte Høgres pressesjef Cato Husabø Fossen til avisa laurdag om kvifor utanlandsaksjane ikkje var med i den opphavlege oversikta.
(©NPK)