Annonse

DN: Jurist i UDI sikta for korrupsjon

Ein jurist som tidlegare var tilsett i Utlendingsdirektoratet (UDI), er sikta for korrupsjon, skriv Dagens Næringsliv.

Overfor avisa stadfestar assisterande kommunikasjonsdirektør Håkon Fenstad at etaten i vår fekk eit tips frå ein varslar.

- Vi sjekka ut opplysningane først på eiga hand. Vi såg at dette var ei så alvorleg sak at vi sette i gang ei gransking frå advokatfirmaet PwC, seier Fenstad.

Opplysningane vart vurderte som så alvorlege at saka vart meld til Økokrim, som ikkje ønsker å stadfeste om det dreier seg om ei korrupsjonssak eller om nokon er sikta.

- Økokrim kan stadfeste at vi i sommar fekk ei melding frå UDI, og at det er starta etterforsking som vil gå føre seg utover hausten. Av omsyn til etterforskinga og dei involverte har vi ikkje ytterlegare kommentarar til denne saka no, opplyser førstestatsadvokat Trude Stanghelle.

Frå UDI blir det understreka at dei ikkje tar stilling til rolla til enkeltpersonar i saka, men at dei ser på det som ei korrupsjonssak som er avdekt.

(©NPK)

UDI ser på det som ei korrupsjonssak som er avdekt. Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB scanpix