Klargjør siden...
Annonse

DN: Regjeringa opnar for å redde Rygge

(NPK-NTB): I ein felles merknad frå regjeringspartia, Venstre og KrF til revidert budsjett vil regjeringa få i oppdrag å vurdere situasjonen for dei private flyplassane Torp og Rygge, får DN opplyst.

Finanskomitéleiar Hans Olav Syversen (KrF) opnar ifølgje avisa for at Forsvaret kan få auka kapasitet på Rygge dersom den sivile delen av flyplassen blir lagt ned.

– Det kjem ein merknad til revidert budsjett. Det er ei omfattande bestilling til regjeringa om å sjå på flyplasskapasitet, på samfunnsøkonomisk heilskap, og like eins på Forsvaret. Dersom det blir nedlegging sivilt, kan det hende det blir ytterlegare noko på forsvaret, seier Syversen.

Han opnar dessutan for å droppe ei tredje rullebane på Gardermoen, slik fleire Østfold-politikarar har tatt til orde for tidlegare.

– Når det gjeld flyplasskapasitet, kan det fort bli eit spørsmål om det er betre å utnytte kapasitet på Rygge enn å byggje ei tredje rullebane på Gardermoen, seier Syversen.

Styret i Rygge sivile lufthamn har varsla at flyplassen må leggjast ned dersom Ryanair held fast på planane om å stengje sin base ved Rygge. (©NPK)