Annonse

DNA-jegerar opna vikinggrav i Normandie

(NPK-NTB-Mette Estep): Norske forskarar har endeleg fått opne grava til etterkommarane etter vikinghøvdingen Rollo. Dei vil finne ut om Rollo var identisk med Gange-Rolv frå Møre. I så fall stammer det britiske kongehuset frå Noreg.

Ein norskleidd delegasjon var måndag i Normandie og opna sarkofagen til to av etterkomarane til Rollo. Målet er å få slutt på ein fleire hundre år lang debatt: Var Rollo dansk eller norsk?

– Vi har jobba med å få dette undersøkt i rundt sju år, så å endeleg få hente inn materiale for å teste DNA, det var stort, seier historikar og initiativtakar Sturla Ellingvåg i Stiftelsen Explico til NTB.

Rollo var grunnleggjar av Normandie, greve av Rouen og tipptippoldefar til Vilhelm Erobraren, som er stamfar til det engelske kongehuset. Medan norsk-islandsk historie gjennom Snorre kongesagaer har hevda at Rollo og Gange-Rolv er ein og same person, har danske historikarar meint at han kom frå Danmark. Gange-Rolv, son av Ragnvald Mørejarl, vart forvist frå Noreg og skal ha busett seg i Frankrike.

Eit resultat frå analysane vil truleg liggje føre til hausten og vert presentert i samarbeid med franske styresmakter.

– Det avgjerande er å finne tenner, for der kan DNA-et, sjølv etter såpass mange år, vere bra. To rettsmedisinarar frå Noreg og Danmark nappa med seg fem tenner som dei sender til Universitetet i Oslo og DNA-laboratoriet Centre for Geogenetics i København for analyse, seier styreformann i Samlerhuset og Det Norske Myntverket, Ole Bjørn Fausa. Samlerhuset er éin av sponsorane bak prosjektet.

Så står att det å sjå om svaret peiker i retning av Danmark eller Noreg.

Dei små sarkofagane ser ved første augekast ut som dei berre rommar småbarn, men Fausa forklarer:

– Når dei skulle gravleggjast i eit golv vart det eit spørsmål om plass. Det viktigaste var å bevare skjelettet. Vi vet ikkje korleis det vart gjort her, men det var vanleg å enten skjere lika i biter eller koke dei så kjøttet losna frå beina. Dermed trong ikkje sarkofagen å vere lengre enn eit lårbein, som er det lengste beinet i kroppen, seier Fausa.

– Så vidt vi vet er dette berre andre gong etter krigen ei kongegrav er opna i Frankrike. Berre å vere med på det, og finne skjeletta oppi der, det var spennande, høgtidsstemt og uverkeleg på same tid.

Ifølge Fausa fann han i arbeidsprosessen ut at han sjølv er 35.-generasjons etterkommar etter Rollo.

– Det sette sjølvsagt ein spiss på det heile, å vite at dette var forfedrane mine, seier Fausa.

Om Rollo og Gange-Rolv viser seg å vere same person, får det historisk betydning:

– Om det britiske kongehuset opphavleg stammer frå Mørekysten, endrar det til dømes oppfatninga om at det norske kongehuset er ungt, med utspring frå det britiske og danske, seier Fausa. (©NPK)