Klargjør siden...

DNB-analytikar: – Sel utleigebustader

(NPK-NTB): DNB-analytikar oppfordrar til å selje utleigebustader ettersom rekordlåge renter og dyre bustader inneber skyhøg renterisiko.

Analytikar i DNB, Simen Mortensen, seier at nordmenn som kjøper bustader på desse nivåa er ekstremt eksponerte mot ein auke i rentenivået, skriv Finansavisen. Statistikken til Mortensen viser at sist gong delen på bustadlån var så høg som den er no, var under finanskrisa i 2007/2008 og under bustadkrakket i 1988.

– Betalingsevna har gått til vêrs som følgje av dei fallande rentene. Viss rentenivået stig med 3 prosentpoeng vil delen av den disponible inntekta til nordmenn som går til lånekostnaden auke frå 43,4 til 53,3 prosent, seier Mortensen.

Han meiner dei rekordlåge rentene er grunnen til dei skyhøge bustadprisane.

– Dersom rentene kjem tilbake til det Noregs Bank kallar for normale rentenivå, vil låneutgiftene som del av disponibel inntekt auke betydeleg for bustadkjøparar, seier Mortensen. (©NPK)

Annonse