Annonse

DNB har rydda opp hos kundar som hadde feil saldo på konto

DNB har rydda opp hos alle DNB-kundar som hadde feil saldo på konto, og skal overvake systema sine nøye for å sjekke at alt fungerer som det skal framover.

Like før klokka 16.15 torsdag opplyste DNB at alle system fungerer som normalt.

- Vi har jobba med saka i heile dag og har i ettermiddag fjerna reservasjonane hos dei siste kundane som framleis hadde feil saldo på konto, seier kommunikasjonsrådgivar Andreas Nylund i DNB til NTB.

Dei siste dagane har DNB opplevd storm frå kundar som opplever å ha vorte belasta dobbelt for betalingar dei har gjort med korta sine. Banken forklarer dette med ein teknisk feil som har gjort at den mellombelse reservasjonen for kjøpet ikkje har vorte sletta slik han skal.

- Vi beklagar igjen at det har tatt tid å rette opp i alle transaksjonane og takkar samtidig for tolmodet til kundane. Vi opplever at dei aller fleste møter oss med forståing og er ved godt mot. Samtidig som vi forstår veldig godt at nokon blir oppgitt og frustrert, særleg dei som står i ein akutt situasjon, seier Nylund.

- Trygt å bruke kort

Banken overvaker framleis systema sine nøye, både for å sjekke at alt fungerer som det skal og for å rydde unna eventuelle feil.

DNB opplyser at banken skal gjere ein grundig analyse av årsakssamanhengen og sørge for at denne feilen ikkje oppstår igjen.

- Det er trygt å bruke korta no. Det har det vore heile tida. Det er ikkje sånn at pengane blir borte, men det har vore eit problem at tidlegare reserverte beløp ikkje blir sletta, seier kommunikasjonsrådgivar Andreas Nyheim.

Mange opplevde dermed at dei stod oppført med beløp i nettbanken som var lågare enn dei skulle vere, og nokon har òg vore i minus utan at dei skulle vere det.

Feilen gjaldt transaksjonar som var gjort nokre dagar tilbake i tid. Banken har ikkje oversikt over kor mange kundar som har vore ramma, eller kor store beløp det var snakk om totalt.

DNB vart først klar over problema onsdag.

Finanstilsynet følgjer med

Seksjonssjef Olav Johannessen i Finanstilsynet seier at dei har vorte orienterte om hendinga og om arbeidet til banken for å rette feilen og hjelpe kundane.

- Finanstilsynet følgjer opp at banken set i verk tiltak for å sørge for at systema fungerer som dei skal, seier Johannessen til NTB.

Forbrukarrådet ber kundane om å overvake kontoane sine nøye.

- Kundar som er usikre, bør ta ein kikk på dei siste rørslene på kontoen sin, seier fagdirektør for finans Jorge Jensen i Forbrukarrådet.

(©NPK)

DNB varsla på nettsidene sine torsdag morgon at dei tekniske problema stadig gjorde at enkelte av kundane vart trekte dobbelt ved Visa-reservasjonar. Foto: Skjermdump / NTB scanpix

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix