DNV GL varslar store kutt

(NPK-NTB): DNV GL varslar nedbemanning på omtrent tusen personar. Det er usikkert kor mange som blir ramma i Noreg.

Det er den låge aktiviteten i olje- og gassektoren som er årsaka til dei varsla kutta, skriv E24.

– Vi ser at denne trenden held fram i 2016, og det betyr at vi må tilpasse vår organisasjon til marknaden, seier kommunikasjonsdirektør Cathrine Torp i DNV GLs olje- og gassavdeling.

I mai i fjor kutta selskapet 500 tilsette, blant dei 50 i Noreg.

Det Norske Veritas fusjonerte med Germanischer Lloyd i 2013. Selskapet har i dag over 15.000 tilsette og opererer i 100 land. I Noreg har selskapet 2.678 tilsette. (©NPK)