Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Snowboardkøyrar Ståle Sandbech måtte operere menisken i begge knea. No ventar fleire månader med opptrening for sølvvinnaren frå Sotsji-OL.
npk@npk.no
Publisert: 13.05.2016 kl 08:14
NRK skriv at Sandbech tysdag opererte begge knea – samtidig.
– Det hadde jo klart vore enklare å ta eitt om gongen, men eg hadde ikkje tid til det. Eg har jo knapt tid til å ta eitt, så det måtte bli sånn, seier Sandbech til kanalen.
Menisken i venstre kne var nesten roke tvers av, mens han i høgre kne fekk fjerna ein bruskbit. No ventar fire månader med opptrening for 22-åringen.
– Det er kjipt. Det verste er jo å sitte stille, eg er jo ikkje van med det. Men eg trur eg eigentleg har ganske godt av tre månader vekke frå snø og få kvilt kroppen litt. Det har eg ikkje gjort på 10 år, seier han.
Sandbech håpar på comeback i Australia i september. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.