Annonse

Dobbel Picasso seld for 575 millionar kroner

(NPK-NTB-AFP): Eit Picasso-bilete av ein kabaretartist, som har eit anna bilete på baksida, er selt for 67,45 millionar doller, drygt 575 millionar kroner, på ein auksjon i New York.

Eigaren var den amerikanske milliardæren Bill Koch, ein av dei økonomiske støttespelarane for det republikanske partiet. Han kjøpte biletet, «La Gommeuse», måla i 1901, for 3 millionar dollar i 1984. Under restaurering av biletet vart det oppdaga at det også hadde eit bilete på baksida, som hadde lege skjult. Biletet førestiller Picassos kunsthandlar.

Det doble Picasso-biletet vart selt hos auksjonsfirmaet Sotheby's, som på førehand anslo at det kom til å gå for rundt 60 millionar dollar. (©NPK)

Annonse