Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Nordmenn er i verdstoppen på leselyst, særleg om sommaren. Salet av e-bøker hjå den største distributøren i Noreg har auka med 100 prosent sidan juni.
npk@npk.no
Publisert: 14.07.2016 kl 16:28
– Sommarferien er høgsesong for digitale bøker og vi har sett eit markant hopp i salet etter at skuleferien starta, seier leiar for ebok.no, Elizabeth Sellevold.
Ebok.no har ein marknadsdel på 44.5 prosent av salet av e-bøker, og auken inkluderer også sal av nedlasta lydbøker. Hovudårsaka er at det er lettare å ta med seg eit lesebrett enn fleire kilo bøker på reise, meiner Sellevold.
– Med e-bøker og nedlasta lydbøker kan ein ha med seg heile bokhylla på tur, enten det er ved bassenget, på flyet eller i bilen, seier ho.
E-bok blir ein stadig større del av lesekvardagen til nordmenn, og Nasjonalbiblioteket føreslo i vår ein utlånsmodell for e-bøker, der bøker som er meir enn to år gamle kan bli lånt ut utan avgrensingar.
Ni av ti nordmenn las minst éi bok i fjor, og kvar sjuande nordmann las ei e-bok. I snitt les nordmenn 15 bøker i året, men berre 40 prosent av oss les fleire enn ti bøker årleg, viste ei undersøking frå Ipsos MMI tidlegare i år. Det er kvinner som les mest. (©NPK)