Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): I vinter var det omtrent dobbelt så mange heilnorske ulvar som førre vinter. Sju kvelpekull er registrert, og det er ny norsk rekord.
npk@npk.no
Publisert: 01.06.2016 kl 08:17
– Det er i vinter registrert til saman sju kvelpekull i ulveflokkar (familiegrupper) med heilnorsk tilhald, i revira Osdalen, Julussa, Letjenna, Slettås, Flisdalen, Mangen og Østmarka. Seks av dei er fødde i revir som er meir enn 50 prosent innanfor forvaltningsområdet for ynglande ulv (ulvesonen). Det norske bestandsmålet på tre årlege heilnorske ulvekull innanfor sonen er derfor nådd, seier Jonas Kindberg, leiar i Rovdata.
I overvakingsperioden sist vinter blei det påvist 65– 68 ulvar som berre oppheldt seg i Noreg. 25 ulvar er registrert på begge sider av riksgrensa. I fjor blei det påvist berre 33– 35 heilnorske ulvar, mens minst 40 blei påvist i såkalla grenserevir.
Resultata blir presentert i ein fersk statusrapport frå overvakinga av ulv i Skandinavia vinteren 2015– 2016. Rapporten er laga av Høgskolen i Hedmark og svenske Viltskadecenter på oppdrag frå Rovdata i Noreg og Naturvårdsverket i Sverige. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.