Klargjør siden...
Annonse

Dobbeltdrapssikta i Oslo var utilrekneleg

(NPK-NTB): Dei rettssakskyndige meiner den 55 år gamle mannen som har innrømt å ha drepe ei kvinne og ein mann i Oslo i desember, var psykotisk då drapa blei gjort.

Det skriv VG. Det betyr at 55-åringen frå Tunisia ikkje kan bli dømt til fengselsstraff, men at han kan bli dømt til overføring til tvungent psykisk helsevern.

– Dei sakkunnige har funne han ikkje tilrekneleg. Konklusjonen er at han var psykotisk på gjerningstidspunktet, og også er det under observasjonen, opplyser politiadvokat Kari Kirkhorn til VG.

Om morgonen 9. desember i fjor blei politiet i Oslo varsla om to drap på 45 minutt. Cathrine Røthe (42) blei drepen då ho gjekk ut av leilegheita si på Manglerud for å reise på jobb. Den 55 år gamle mannen køyrde derfrå og til sentrum, der Fathi Rzaiguia (50) blei knivdrepen i Breigata.

Den sikta hadde hatt eit forhold til Røthe nokre år tidlegare. Rzaiguia var ein kjent landsmann av 55-åringen.

Tunisiaren blei tatt då han oppsøkte Søndre Oslo distriktspsykiatriske på Mortensrud og sa at han hadde drepe to personar. Mannen var utvist frå Noreg. (©NPK)