Annonse

Drapssikta afghanar ute av koma, klar for forhøyr

Den 18 år gamle afghanaren som er sikta for dobbeltdrapet i Trondheim, er ute av koma.

Forsvararen hans, advokat Tore Angen, har gitt beskjed om at han er opptatt i forhøyr på St. Olavs hospital resten av arbeidsdagen.

Asylsøkaren blei skoten i beinet av politiet under arrestasjonen på Trondheim sentralstasjon måndag kveld. På sjukehuset blei han lagd i kunstig koma.

Politiet ber om varetektsfengsling i to veker med restriksjonar for 18-åringen som er sikta for drap på to av dei afghanske vennane sine og for å ha skadd ein fjerde. Angen seier til VG at han har samtykka til varetektsfengsling på vegner av klienten sin.

- Etterforskinga held fram med fullt trykk, og vi har fått teknisk og taktisk bistand frå Kripos, opplyser politiet.

Nasratullah Hashimi (19) og Reza Alizada (17) blei drepne i Trondheim måndag. Begge hadde fått opphald i Noreg. Dette hadde også ungdommen som blei skadd og no er skrive ut frå sjukehuset.

Den sikta 18-åringen kom til Trondheim i august, etter å ha budd på mottak ein annan stad i landet.

(©NPK)

Valdsepisoden som enda med at to afghanarar døydde, gjekk føre seg i ei leilegheit i Trondheim sentrum. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix