Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-DPA): Minst 40 døde tigerungar, ein død bjørn og diverse dyrehorn er funnet i eit buddhisttempel som i fleire år har brukt tigrar som turistattraksjon.
npk@npk.no
Publisert: 01.06.2016 kl 11:06
Dei døde tigrane og bjørnen er funnet i ein frysar der det er blitt oppbevart mat for tigrane, opplyser ein representant for thailandske styresmakter.
– Avsløringa av dei døde dyra er bevis for at tempelet har drive med ulovleg oppdrett og smugling, meiner Edwin Wiek, leiar for den thailandske dyrevernorganisasjonen Wildlife Friends Foundation.
– Eg meiner dei blei oppbevart for å bli selt på den svarte marknaden, seier han.
Munkane ved tempelet har avvist skuldingar om at dei driv med ulovleg oppdrett og sal av tigrar.
Denne veka har thailandske styresmakter aksjonert mot det omstridde tempelet, som ligg i provinsen Kanchanaburi vest i Thailand. Fleire hundre personar er involvert for å få flytt 137 levande tigrar til andre dyresenter. Onsdag var minst 40 levande tigrar fjerna frå tempelet. Resten vil bli flytt den neste veka.
Tempelet har tidlegare søkt om løyve til å drive ein zoologisk hage, men fekk avslag. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.