Klargjør siden...
Annonse
Annonse

Dommen mot dei drapstiltalte i Marokko-saka er utsett

Dommen mot dei tre som er tiltalt for å ha drepe Maren Ueland og Louise Vestager Jespersen i Marokko, kjem 18. juli, ifølgje fleire medium.

Det var venta at dommen skulle komme torsdag, men kjelder i retten i Sale i Marokko seier at dommen mest truleg vil falle i rettsmøte torsdag om ei veke, ifølgje NRK.

Ein marokkansk journalist som er i rettssalen for VG, melder at dei tiltalte då skal få sjansen til å uttale seg igjen før dommen visstnok skal falle.

Norske Maren Ueland (28) frå Bryne i Rogaland og danske Louisa Vesterager Jespersen (24) vart funne drepne nær landsbyen Imlil i Atlasfjellene i Marokko måndag 17. desember i fjor

Las opp brev

I rettsmøte torsdag vart eit brev frå mora til det danske drapsofferet lese opp.

- Eg veit at ho ropte på meg då ho døydde. Dei fortener dødsstraff, skreiv mora i brevet, ifølgje NRK.

Til saman 24 menn er tiltalte i saka. Tre av dei tiltalte har erkjent å ha gjort dei IS-inspirerte drapa og risikerer dødsstraff. For dei 21 andre er det lagt ned påstandar frå 15 år til livstid i fengsel.

Trur dom blir anka

Advokat Ragnar Falck Paulsen, som er bistandsadvokat for dei etterlatne etter Maren Ueland, trur dommen vil bli anka.

- Det som er veldig viktig for familien til Maren Ueland, er at den marokkanske staten held fram arbeidet sitt mot terrorisme og førebygger slik at noko sånt aldri skal skje igjen, seier Falck Paulsen.

Familien opprettar no òg ein stiftelse i Marens ånd, skriv Stavanger Aftenblad.

Dommen mot dei tre mennene tiltalt for å ha drepne Maren Ueland og Louisa Vesterager Jespersen i Marokko, vil truleg komme 18. juli. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix