Annonse

Domstol: Arbeidsgjevar kan lese private meldingar

(NPK-NTB): Arbeidsgjevarar kan lese private chat- og e-postmeldingar som tilsette sender i arbeidstida, fastslår Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD).

Domstolen i Strasbourg har komme fram til at eit firma hadde rett til å overvake meldingane ein tilsett sende via programmet Yahoo Messenger mens han var på jobb, melder BBC.

Dommarane i EMD seier arbeidstakaren braut med retningslinjer som forbaud bruk av ressursane til selskapet til personlege formål, og at arbeidsgjevaren hadde rett til å sjekke kva han dreiv med.

Det var ein ingeniør frå Romania som tok saka til Strasbourg. Han håpa domstolen skulle slå fast at arbeidsgjevaren hadde brote hans rett til fortruleg korrespondanse då sjefen sjekka meldingsloggen og deretter gav han sparken i 2007.

Arbeidsgjevaren oppdaga at han brukte Yahoo Messenger til private kontaktar i tillegg til jobbrelatert kommunikasjon. Domstolen påpeikar at leiinga trudde at dei fekk innsyn i ein jobbkonto då samtaleloggane på jobb-PC-en vart opna. Det er ikkje «urimeleg at ein arbeidsgivar vil kontrollere at dei tilsette fullfører sine arbeidsoppgåver i arbeidstida», heiter det i EMDs rettsavgjerd.

EMD tok ikkje stilling til om utfallet ville vore annleis dersom rumenaren hadde brukt ei personleg eining til å sende private meldingar.

Rettsavgjerda er bindande for alle land som har ratifisert den europeiske menneskerettskonvensjonen, inkludert Noreg. (©NPK)

Annonse