Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-AP): Mannen som tidlegare denne veka klatra over eit gjerde og tok seg inn i hagen til Buckingham Palace, er tidlegare dømt for drap, opplyser britiske styresmakter.
npk@npk.no
Publisert: 20.05.2016 kl 16:24
41-åringen klarte å ta seg inn på det strengt vakta slottsområdet onsdag, medan dronning Elizabeth var heime.
Mannen vandra rundt i slottshagen i om lag ti minutt før han blei arrestert. Politiet opplyser at han ikkje var væpna.
I eit fengslingsmøte fredag sa 41-åringen seg skuldig i siktinga om ulovleg å ha teke seg inn på andre sitt område.
Mannen er tidlegare dømt for drap på ein heimlaus mann i 1992, og han var no sett fri på prøve. (©NPK)