Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP): Vektløftaren Ilja Iljin frå Kasakhstan står i fare for å miste OL-gulla sine frå 2008 og 2012 etter at prøver frå meisterskapa har vorte testa på nytt og gav positive resultat.
npk@npk.no
Publisert: 20.06.2016 kl 20:29
Det opplyste Det internasjonale vektløftingsforbundet måndag.
Tjueåtteåringen, som vann 94-kilosklassen under OL i Beijing og London, er tatt i doping etter at prøvene frå begge meisterskapa har vorte analyserte på nytt.
Iljin er éin av sju vektløftarar frå seks land som har testa positivt etter nye analysar av 2008-prøvene. For 2012-prøvene vart òg tre andre kasakhstanarar tatt.
Iljin har gått ut på Instagram etter avsløringane og held fast på at han er uskuldig. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.