Klargjør siden...

Dortmund-sjef: Haaland-spekulasjonane påverka spelargruppa

Månader med overgangsrykte rundt Erling Braut Haaland vart «ein byrde» for klubben og spelarane, meiner Borussia Dortmunds sportsdirektør Sebastian Kehl.

– Til sjuande og sist må vi innrømme, same kor mykje vi sette pris på Erling, at alt snakket og spekulasjonane vart ei påkjenning for både garderobe og klubb, er Kehl sitert på i papirutgåva av Bild onsdag.

Borussia Dortmund måtte gi slepp på Haaland til Manchester City tidleg i overgangsvindauget etter månader med uvisse rundt framtida til nordmannen.

Kehl meiner at uvissa sette avgrensingar for den sportslege planlegginga. Han er tilhengjar av å stengje overgangsvindauget før den første seriekampen i sesongen blir spelt.

– Det er noko vi ofte har diskutert i den tyske serieforeininga, men for at det skal bli ein realitet, må alle dei fem store landa i europeisk fotball vere samde, seier Sebastian Kehl.

(©NPK)

Erling Braut Haaland frå tida i Borussia Dortmund. Foto: Jens Meyer/AP Photo / NTB.

Annonse