Drapsetterforsking etter togulykke i Tyskland

(NPK-NTB-DPA-AFP): Tyske etterforskarar slår fast at togkatastrofen som kosta elleve menneskeliv i Bayern førre veke, skjedde på grunn av menneskeleg svikt. Ein trafikkstyrar blir sikta for aktlaust drap.

Den 39 år gamle togleiaren som opererte signalanlegget, må kunne haldast ansvarleg for frontkollisjonen mellom to tog på eittsporsstrekninga seks mil sør for München. Det slår etterforskningsleiar Wolfgang Giese ved påtalemaktkontoret i Traunstein fast tysdag, éi veke etter den tragiske ulykka.

– Dersom han hadde følgt reglane som følgjer med arbeidet hans, hadde ikkje denne kollisjonen skjedd, seier Giese.

Det er ingen mistanke om inntak av alkohol eller andre rusmiddel, og politiet mistenkjer ikkje at handlingane til trafikkstyraren var forsettlege. 39-åringen blir sikta for aktlaust drap, kroppsskade og «farleg inngrep i togtrafikken». (©NPK)