Annonse

Drapsmann skoten i Massachusetts

(NPK-NTB-AP): Politiet i Massachusetts i USA skaut tysdag kveld ein mann som drap to menneske og såra fire andre i to forskjellige knivangrep i delstaten.

Arthur DaRosa (28) krasja først bilen han køyrde utanfor eit hus i Taunton, sør for Boston, i 19-tida lokal tid. Deretter gjekk han inn i bustaden og knivstakk to kvinner, ei av dei 80 år gammal.

Begge vart køyrde til sjukehus. Den 80 år gamle kvinna døydde av skadane, mens den andre er livstruande skadd. Ifølgje New England Cable News er dei to mor og dotter.

Deretter køyrde 28-åringen til kjøpesenteret Silver City Galleria og brasa gjennom fronten på ein Macy's-butikk. Ifølgje politiet angreip han fleire menneske inne i lokalet før han gjekk til ein restaurant og knivstakk fire menneske, inkludert ein 56 år gammal mann som seinare døydde. Nokre av dei andre innlagde frå restauranten skal vere livstruande skadd.

Politietterforskarar opplyser at DaRosa vart skoten av ein visesheriff som ikkje var på vakt. 28-åringen frå Taunton vart køyrd til sjukehus, der han vart erklært død. (©NPK)

Annonse