Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Mannen som er sikta for å ha drepe den tidlegare ektefellen sin og skadd ein gut i Molde, er varetektsfengsla i fire veker.
anna.nesje@ntb.no/peder.skjelten@npk.no
Publisert: 25.11.2021 kl 12:58
Sist oppdatert: 25.11.2021 kl 16:49
Rettsavgjerda til tingretten er i tråd med aktors påstand.
Mannen får brev- og besøksforbod i alle fire vekene. Dei to første blir i full isolasjon med medieforbod, skriv TV 2.
– Han har vore til undersøking hos ein psykiater, som meiner han kan avhøyrast. Han har òg ein del andre fysiske skadar, brot i armar og bein og kuttskadar. Kva det kjem av, og kven som har påført han desse skadane, veit eg ikkje, sidan han ikkje er avhøyrd enno, sa forsvararen til mannen Roy Peder Kulblik til Romsdals Budstikke torsdag morgon.
I fengslingsmøtet seinare på dagen kravde den drapssikta mannen seg lauslaten, opplyser Kulblik til NTB.
Den sikta har ifølgje advokaten enno ikkje teke stilling til skuldspørsmålet.
– Avhøyra har så vidt komne i gang, og skuldspørsmålet vil sikkert bli eit tema seinare, opplyser forsvararen.
Mannen i 20-åra hugsar ingenting av hendingane han er sikta for, ifølgje forsvararen.
Onsdag vart det vurdert at mannen ikkje var i stand til å la seg avhøyre. Torsdag vart det likevel gjennomført eit innleiande avhøyr av han.
– Eg vil ikkje gå inn på kva han har forklart i avhøyret, seier politiinspektør Yngve Skovly.
Det var natt til onsdag at politiet fekk inn meldingar om hendingar på to ulike adresser i Molde. På det eine staden vart ei kvinne i 20-åra funnen død, medan ein gut i tenåra vart funnen livstruande skadde på den andre staden.
Politiinspektør Yngve Skovly seier at dei har fått stadfesta identiteten til kvinna i 20-åra.
– Vi kan fastslå at avdøde er tidlegare ektefelle til den sikta, seier Skovly.
Sikta og kvinna har barn saman. Desse er no plassert i ein beredskapsheim.
Det er òg ein familierelasjon mellom mannen og den skadde tenåringen. Politiet har førebels ikkje fått noka oppdatering på tilstanden hans.
(©NPK)
Kriminalteknikarar ved bustaden der ei kvinne vart funne død i Molde sentrum. Foto: Kjell Langmyren / NTB