Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Dronning Elizabeth deltok tysdag i ei minnestund for den avdøde ektemannen sin prins Philip. Det var hennar første store offentlege arrangement sidan i fjor.
uvakt@ntb.no/kari.hamre@npk.no
Publisert: 29.03.2022 kl 13:01
Sist oppdatert: 29.03.2022 kl 19:07
Den 95 år gamle dronninga, som fyller 96 neste månad, har ikkje delteke på arrangement utanfor Windsor Castle sidan oktober, då ho vart lagd inn på sjukehus på grunn av sjukdom. Dronning Elizabeth har òg vore smitta av koronaviruset tidlegare i år.
Dette, i tillegg til problem med å gå og stå oppreist, gjorde at dronninga valde å melde avbod til Commonwealth Day-gudsteneste i siste liten 14. mars. Det britiske kongehuset stadfesta først to timar før minnegudstenesta tysdag at monarken ville vere til stades. Dronninga brukte stokk då ho kom til kyrkja.
Under markeringa sat dronninga ved sida av sonen og tronarvingen, prins Charles. Fleire medlemmer av den britiske kongefamilien og politikarar deltok òg i minnegudstenesta, som fann stad i Westminster Abbey i London. Prins Harry og familien hans hadde likevel ikkje teke turen frå USA.
Under minnestunda var dronning Elizabeth, som feirar sitt 70. år på trona, til tider tydeleg prega då ho mintest ektemannen sin gjennom over 73 år. Med seg hadde ho sonen, prins Andrew, som følgde mor si inn i kyrkja. Det var første gong den skandaleforfølgde prinsen viste seg offentleg etter forliket i overgrepssaka i februar.
Virginia Giuffre, tidlegare kjent som Virginia Roberts, skulda prinsen for fleire seksuelle overgrep mot henne i 2001, då ho var 17 år og mindreårig i samsvar med amerikansk lov. I midten av januar vart det kjent at prins Andrew gav frå seg kongelege og militære titlar.
– Ho (dronninga) har vore tydeleg på at Andrew kan delta og har ei rolle i familieevenement, uttalte BBCs tidlegare kongehus-korrespondent Peter Hunt, ifølgje nyheitsbyrået AFP. Han vektla òg at prinsen blankt har avvist skuldingane.
Prins Philip døydde i april i fjor. På grunn av dei gjeldande koronarestriksjonane i England på den tida var berre den aller næraste familien til stades i bisetjinga hans.
Bileta av dronning Elizabeth som sat åleine under markeringa vart nærast eit symbol på koronapandemien i Storbritannia.
I minnegudstenesta på tysdag var likevel kongelege frå ei rekkje land til stades. Ifølgje AFP var det om lag 1.800 personar til stades.
Kong Harald og dronning Sonja skulle eigentleg delta, men måtte melde avbod då kongen fekk påvist koronasmitte.
(©NPK)
Dronning Elizabeth kjem til minnestunda for sin avdøde ektemann prins Philip i Westminster Abbey. Foto: Frank Augstein / AP / NTB
Den britiske kongefamilien sit på første rad under minnegudstenesta tysdag for prins Philip, som døydde i april i fjor. Dronning Elizabeth sit heilt til venstre saman med prins Charles. Nærmast midtgang sit prins Andrew ved sida av broren sin, prins Edward. Foto: Dominic Lipinski/ AP / NTB
Dronning Elizabeth blir følgd inn i kyrkja av sonen, prins Andrew. I motsetning til dei andre familiemedlemmene, kom dronninga skjerma gjennom ein sideinngang. Foto: Richard Pohle/ AP / NTB
Dronninga heldt ein tale for sin avdøde ektemann under minnegudstenesta. Foto: Dominic Lipinski/ AP / NTB
Dronning Elizabeth blir hjelpt inn i bilen av prins Andrew etter minnegudstenesta i Westminster Abbey tysdag ettermiddag. Ferda gjekk ifølgje fleire medium til Windsor Castle, fire mil utanfor London. Foto: Frank Augstein / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.