Annonse

DSB aukar skogbrannberedskapen

Lite nedbør og varmt vêr har ført til stor skogbrannfare på delar av Austlandet. Frå tysdag skal fleire skogbrannhelikopter vere i beredskap.

Helikoptera skal stå i beredskap frå tysdag til og med torsdag, melder Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Dermed blir det plassert skogbrannhelikopter i ekstra beredskap i Ljosland i Åseral kommune i Agder og på Kjeller i Lillestrøm kommune. Dette er i tillegg til skogbrannhelikopteret på Torp utanfor Sandefjord.

Måndag står skogbrannfaren på Austlandet på gult nivå, og folk blir bedne om å vere varsame med open eld.

4. juni forårsaka ein enorm skogbrann store skadar på Sotra utanfor Bergen i Vestland.

(©NPK)

Det blir sett inn ekstra skogbrannhelikopter på Kjeller og Ljosland denne veka på grunn av auka skogbrannfare på Austlandet. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB